Verktøy på Skoklosters slott

Samling av høvlar på Skokloster slott. Denne grupperinga viser dei høvlane som var bestilt i 1664. Dei var levert av verktøymakaren Jan Arendtz i Amsterdam, hans stempel finnast på dei fleste høvlane. Foto: Roald Renmælmo
Samling av høvlar på Skokloster slott. Denne grupperinga viser dei høvlane som var bestilt i 1664. Dei var levert av verktøymakaren Jan Arendtz i Amsterdam, hans stempel finnast på dei fleste høvlane. Foto: Roald Renmælmo

Ei av dei fremste verktøysamlingane i verda finn vi på Skoklosters slott, ei slott som ligg på ei halvøy i Mälaren mellom Stockholm, Uppsala og Enköping i Sverige. Slottet i seg sjølv er eit av dei fremste barokkslott i Europa og verdt eit besøk. Slottet vart bygd i tidsrommet 1654-1676 av Carl Gustaf Wrangel som døde før slottet vart heilt fullført. Det er framleis delar av slottet som ikkje er fullført. Under arbeidet med bygginga hadde Wrangel fått kjennskap til den høge kvaliteten og dei moderne profilane på hollandske høvlar gjennom sin kollega Claes Stiernsköld. Han tok kontakt med handelsagenten Peter Trotzig i Amsterdam i februar 1664 for å bestille snikkarverktøy. Peter melder etter kort tid at han har bestilt verktøyet hos mester Jan Arendtz. Verktøyet, omkring 200 høvlar, økser, hoggjarn mm, kom i løpet av året 1664. Mesteparten av verktøyet finnast framleis på Skokloster og ein kan også kontrollere desse opp mot rekninga frå Arendtz frå 1. juli 1664 som også er bevart. (Knutsson og Kylsberg, 1985)

Denne handsaga laga av Jan Arendtz var ein del av leveransen av verktøy i 1664. Tilsvarande handtak finnast mellom verktøyet frå Vasaskipet. Også Rålamb har teikning av ei tilsvarande sag. Det er eit fantastisk fint handverk i både bladet og skaftet. Foto: Roald Renmælmo
Denne handsaga laga av Jan Arendtz var ein del av leveransen av verktøy i 1664. Tilsvarande handtak finnast mellom verktøyet frå Vasaskipet. Også Rålamb har teikning av ei tilsvarande sag. Det er eit fantastisk fint handverk i både bladet og skaftet. Foto: Roald Renmælmo
Ein av sletthøvlane av verktøyet som var levert av Jan Arendtz i 1664. Foto: Roald Renmælmo
Ein av sletthøvlane av verktøyet som var levert av Jan Arendtz i 1664. Foto: Roald Renmælmo
Høvelstålet til høvelen på biletet over. Dette smedstempelet finnast på mange av ståla i høvlane og på ein del av det andre verktøyet. Foto: Roald Renmælmo
Høvelstålet til høvelen på biletet over. Dette smedstempelet finnast på mange av ståla i høvlane og på ein del av det andre verktøyet som var levert av Arendtz. Foto: Roald Renmælmo
Framenden av høvelen over. Ein ser tydeleg stempelet I:A som er bokstavane til Jan Arendtz. Foto: Roald Renmælmo
Også økser, hoggjarn, sager og liknande var med i leveransen frå Jan Arendtz i 1664. Dei to grindsagene var også ein del av leveransen. Det er mogleg dei enda har sine originale blad. Foto: Roald Renmælmo
Også økser, hoggjarn, sager og liknande var med i leveransen frå Jan Arendtz i 1664. Dei to grindsagene var også ein del av leveransen. Det er mogleg dei enda har sine originale blad. Foto: Roald Renmælmo
Etter ein kommentar frå Ernest såg eg behovet for eit ekstra bilete som viser verktøyet på det eine bordet frå ein annan vinkel. Verktøyet her var med i leveransen frå Jan Arendtz i 1664, altså for 350 år sidan. Foto: Roald Renmælmo
Etter ein kommentar frå Ernest såg eg behovet for eit ekstra bilete som viser verktøyet på det eine bordet frå ein annan vinkel. Verktøyet her var med i leveransen frå Jan Arendtz i 1664, altså for 350 år sidan. Foto: Roald Renmælmo

Mykje av verktøyet som var levert av Jan Arendtz er i forbløffande god stand etter å ha lege på Skokloster slott i 350 år. Det er ei unik kjelde til å få inntrykk kvaliteten på godt verktøy på 1600-talet. Om kvaliteten og utforminga på desse verktøya er representativ for det ein hadde elles i Sverige på den tida er eit viktig spørsmål å stille. Verktøyet er laga av ein profesjonell verktøymakar som var del av eit fagmiljø i Amsterdam. Gerrit van der Sterre har lagt ned eit stort arbeid for å kartlegge verktøy og verktøymakarar frå denne tidlege tida i Amsterdam og Holland. Det er først mot slutten av 1500-talet han finn døme på spesialiserte verktøymakarar, ein høvelmakar så tidleg som 1585. Høvelmakarar er nemnde i eit dokument frå 1614 og då var desse ein del av snikkarlauget.  Verktøymaking var med andre ord eit spesialisert fag og ein hadde eit sterkt fagmiljø i Amsterdam på 1600-talet. (Sterre, 2001) Handverkarane i Stockholm på 1620-talet, då høvelbenken frå Vasaskipet var i bruk, hadde også mykje kontakt med handverksmiljøa i Amsterdam. Det var mange hollandske handverkarar involvert i byggjearbeidet.

Denne profilhøvelen er ikkje ein del av verktøyet som Jan Arendtz leverte i 1664. Den er likevel truleg omtrent frå same tid sidan profilen finnast på ein del lister i innreiinga som var gjort på 1660-70-talet. Det er mange høvlar i samlinga med likearta kjenneteikn. Mitt forslag er at høvelen kan ha tysk opphav sidan nokre detaljar i utforminga kan minne om seinare tyske høvlar. Foto: Roald Renmælmo
Denne profilhøvelen er ikkje ein del av verktøyet som Jan Arendtz leverte i 1664. Den er likevel truleg omtrent frå same tid sidan profilen finnast på ein del lister i innreiinga som var gjort på 1660-70-talet. Det er fleire høvlar i samlinga med likearta kjenneteikn. Mitt forslag er at høvelen kan ha tysk opphav sidan nokre detaljar i utforminga kan minne om seinare tyske høvlar. Foto: Roald Renmælmo
Høvelstålet til høvelen over. Foto: Roald Renmælmo
Høvelstålet til ein likearta høvel med den på biletet over. Dei to høvlane har same smedstempel på ståla og elles like detaljar. Mest truleg er dei laga av ein og same høvelmakar eller snikkar. Ståla er smidd av jarn og har pålagt eggstål. Dei er koniske, tjukkare framme og tynnare bakover tangen. Foto: Roald Renmælmo
Det er ein heil del ulike jarn i samlinga. Både treskjerarjarn og ulike tappjarn og hoggjarn. Foto: Roald Renmælmo
Det er ein heil del ulike jarn i samlinga. Både treskjerarjarn og ulike tappjarn og hoggjarn. Foto: Roald Renmælmo

Verktøysamlinga på Skokloster gjer det mogleg for oss å sjå kva verktøy som var tilgjengeleg på 1600-talet. I vårt arbeid med å forstå høvelbenken frå Vasaskipet er denne samlinga av stor verdi. Vi får innblikk i kva verktøy som kunne vore brukt til snikringa av benken. Vi får også innblikk i verktøy som kan ha vore brukt til å arbeide på den aktuelle benken. Vi kan forstå benken i ein større samanheng.

Kjelder

Knutsson, Johan; Kylsberg, Bengt (1985): «Verktyg och verkstäder på Skoklosters slott», utställningskatalog, 1985.

Sterre, Gerrit van der, «Four centuries of Dutch planes and planemakers», 2001

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

17 tankar på “Verktøy på Skoklosters slott

  1. Is the «offset» tote (rear handle) a common feature of Scandinavian long planes? Is there any chance that you have any additional pictures from the side view?

  2. On the older Scandinavian long planes (langhøvel) it is commen to have offset tote (rear handle). The particular long planes on the picture are made in Amsterdam in 1664 by Jan Arendtz and have the typical details of Dutch planes from that time. Offset tote are one common feature on Duch long planes. I think the tools made in Scandinavia at the same time would be different in details but also related. The offset tote would be similar, but the shape of the tote would be different. I did not find a good picture from the side view. I have found a picture on the blog of Peter Follansbee that shows a similar Dutch long plane:

  3. ville være moro for en verktøysmed å dukke litt ned i dette materialet! fantastisk!!!!! veit vi noe om dette smedstempelet??

    1. Verktøysamlinga på Skoklosters slott er absolutt rette staden å vere for ein verktøysmed. Det går buss frå Stockholm til Skokloster og det ligg eit vertshus med alle rettigheter like ved slottet. Slottet vert drive som museum og det går an å be om å få kome for å sjå på verktøy. Det må passe med deira arbeidsplanar.

      Når det gjeld dei to smedstempla på høvelståla så er det ikkje lett å finne fram til ein konkret smed. Dette er så gamalt at det er svært få kjelder å byggje på. Gerrit van der Sterre har leita etter om det var smedar i Amsterdam eller nærområdet som kunne ha levert til høvelmakarane i byen. Han har ikkje funnet nokon konkret. Derimot meiner han at nokre av stempla på verktøyet på Skokloster kan minne om tidlege stempel frå Sheffield. Stempla treng ikkje å vere smedstempel, dei kan vere stempla til forhandlar.

      Litt inn på 1700-talet var det smedar i Remscheid, som i dag er i Tyskland, som leverte høvelstål til Nederland. Nemninga «schaaffeysen» er med i ei oversikt over produserte varer i Remscheid i 1719 og sidan nemninga er hollandsk for høvelstål, tyder det på at dei var meint for marknaden i Holland.

      Du får sjekke i dei gamle ordrebøkene i Myhresmia og sjå om du finn «schaaffeysen» der? 😉

  4. Hello Roald,

    On the table just behind the axe, which is typical for the Dutch axe called «timmermansbijl», is the iconic Dutch tool called «snick», an oversized chisel related to strossaxt or Stikkøksa.

    Greetings,

    E.DB.

    1. Hello Ernest
      There are two different sizes «snick» on the table. Both came with the tools from Amsterdam in 1664. They seems almost like «new» after 350 years in Sweden. Also the «timmermansbijl» was among the tools bought from Jan Arendtz in 1664, but the handle are more recent.

      The stamp on all theese three tools are det same as on the plane iron on the picture number 4 from the top of this post.

      Do you know anything about Dutch toolmakers as early as 1664? The stamp could be a blacksmith mark or a dealers mark.

      Greetings

      Roald

      1. When I enlarge your photo then I see what you mean about the two snick. At the end of this video the use is somewhat explained http://www.youtube.com/watch?v=57nlpnBZejI as really for cleaning up the surface after rough shaping with the axe before planing in relation to wind-mill building. Still, I think it is more useful than only that.

        I have word of some enthusiasts with an idea of compiling a register of blacksmith marks from across Holland but as I know it there is nothing exhaustive till now and I wouldn’t expect any soon. Knowing the difference between the smith’s mark and the merchants mark, is difficult and it confuses things. If I remember van der Sterre says the shop of Jan Arendtz was on the Utrechtstraat in Amsterdam. Probably there is a Calvin Klein shop there now, or something.

        Greetings,

        E.DB.

  5. Thank you wery much for sending me that interesting video. I am trained to run a water powered sawmill (gangsaw) here in my area. I have just heard about windmills that runs a saw but never seen one working. That would be worth a trip to Holland.

    I will post something about our local sawmill later.

    I have added a photo that shows the two «snick»

    Regards Roald

  6. Hei Roald,

    Great stuff. Would it be possible to get a scan of the saw blade? I like the filing at the top front and top end.

    Hei da
    Pedder

    1. Hei Pedder
      This is very great stuff. I have not made mesurements or taken detailed photos of the saws, there are two different sizes. I do have some more photos but not any god of the top end. The filing are very nice. I would have to measure the saws and take some detailed photos the next time I visit Skokloster.

      I think it would be interesting to make copies of theese saws. I have never used a saw like this but I get the impression that they can be good to use?

  7. Roald – thank you so much for posting these photos. I had seen some before, but never so much detail. excellent. I hope to get to Sweden one day & visit Skokloster…
    Peter

    1. Hello Peter
      Thank you for your comment and your blogpost about the Skokloster tools. Skoklosters slott are worth a wisit. It is not far from Stockholm so you could visit the Vasa museum on the same trip? If you want to see the tool collection at Skokloster you will have to make an appointment with the museum before you go.

      Roald

  8. Hello Roald,

    If you have any more photos of these tools, is there any chance these pictures might show up in a later post? I’d love to see more of these tools.

    In any case, this is a great post, I’m in Canada so I pretty much only see tools in the English/American-style so its really enjoyable to see different forms and styles of tools, especially when they are as old as these tools are.

    Thanks, Graham

Legg att svar til Roald Renmælmo Avbryt svar